Urpremiere på nytt skodespel
Det er teatergruppa Teateretaten, ei gruppe beståande av både studentar, tilsette ved HVO og andre speleglade frå Volda, Ørsta og Ulsteinvik, som skal spele Mord og andre selskapsleker for Volda-publikummet. Dette er gruppa si tredje framsyning, etter Peters Venner i 2012 og Musefella i 2015, og gruppa har nå 16 medlemmar. – Det er veldig artig at så mange vil vere med å spele teater, seier styreleiar Are Berge.
Handlinga
I skodespelet møter vi den rike familien Sinding, som skal feire St.Hans-helga på det nyåpna Flåvær Pensjonat. I god krimtradisjon vert familien verfast på Flåvær under ein kraftig storm, og i skuggen av eit mord kjem hemmelegheiter fram i lyset. Den nyutdanna politibetjenten Jesper Jahr får meir enn han hadde regnet med, i møte med 13 potensielle mordarar, der forviklingane står i kø. – Det er spanande å prøve seg på ein sjanger som så mange har eit forhold til, seier manusforfattar Vibeke Preus Bech. Eg håpar eg klarer å innfri forventningane til publikum, legg ho til med eit nervøst smil.
Heilaften
For dei av publikum som ønskjer ei heilaftensoppleving, kan Teateretaten og Rokken tilby framsyninga som Buffét-teater. Rokken lagar ei sommarmat-buffét for 100,- ekstra, som serverast i kafeen på Rokken 90 minutt før framsyninga. Buffét-teatergjestane får reserverte plassar til framsyninga.
Samarbeid
Ei teaterframsyning er eit stort arbeid, og på denne produksjonen har gruppa m.a. fått spesialskriven musikk av Stein Helge Solstad, ein scenografi laga av Jiri Nagy og mange har hjelpt til med å lage kostymar, lånt ut rekvisittar og filmutstyr. – Vi er veldig heldige her i Volda, for det er så mange hjelpsame menneske, noko som gjer det ekstra gøy å vise skodespelet mitt nettopp her, seier Bech.
Les meir på facebook
Fotograf/plakat: Kent Andreas Sæterøy
På plakaten fra øverst venstre: Hege Holmqvist, Eirik Bech, Sirikit Vågen, Oddvar Aalde, Are Berge, Tuva Adine Billing, Sarah Elise Mork, Veronica Preus Olsen, Maria Masvie, Kent Andreas Sæterøy, Åshild Longvastøl, Ilja Elisabeth Bech, Annette Kjøde Egset, Thea Madelen Petersen