Tverrfagleg veke ved Institutt for planlegging og administrasjon

Tekst: Webmaster Volda

a84e270ceb1399514159781152195c23
Fagleiar for trafikk og miljø Mirza Begic viser konkrete tiltak i Løvenvoldgata.

Universell utforming står sentralt i utdanninga og skal bli ein fagleg grunnleggjande måte å tenke på for studentane som seinare skal ut i yrkeslivet og skape eit godt samfunn for alle menneske uansett føresetnader.

Måndag gav førelesarane Grethe Mattland Olsen, Odd Staurset, Bernt Olav Ødegaard og Kjetil Knarlag ei brei innføring i omgrepet Universell utforming.

37b41d65e75583db3ecd33ac0714c3e9
Studentar og førelesarar vart godt mottekne på JACU kaffifabrikk.

Tysdag vitja studentane Ålesund. Base for dagen var kaffifabrikken JACU. Der fekk dei møte byplanleggjarar som til dagleg jobbar med universell utforming i spennet mellom verneinteresser og moderne tilpassing av gatemiljø. Dette er svært utfordrande arbeid som ofte tek mykje tid og krev mange ressursar. Byplanleggjarane gav først ei teoretisk innføring i formelle krav og strategiar dei har for å møte desse. Deretter tok dei studentane med på ei vandring gjennom Løvenvoldgata der eit slikt prosjekt no er fullført. Dette ferdige prosjektet vart samanlikna med nye prosjekt som no er i startfasen.

Etter gatevandringa vart det gitt ei vidare innføring i omgrepet universell utforming: det etiske og demokratiske grunnlaget for omgrepet ved Kolbein Halkjelsvik og om temaet offentleg sektor og brukartilpassing ved Magnar Hjertenæs.

Det vart også tid til formidling av to andre inspirerande emne som er sentrale for komande planleggjarar og administratorar. Koordinator Anette Solbakk spurte engasjert om Ålesund er liv laga og gav studentane innsikt i kva syn tilbakeflyttarar har på byen. Vidare reflekterte eigaren av JACU, Anne Birte Bjørdal Hanken, over prosessen med å etablere næringsverksemd i den indre bykjernen.

Onsdag og torsdag gjennomfører studentane ei kartlegging av kva tiltak innan universell utforming som er gjorde ved utvalde verksemder, bygningsmiljø eller i det offentlege romet i Volda sentrum.  Som avrunding av den tverrfaglege veka vil sju ulike studentgrupper leggje fram resultata av granskingane sine. Grupperesultata vil deretter bli tatt med i den vidare undervisninga i studiet Bachelor i planlegging og administrasjon.

Del på