Tverrfagleg veke i temaet universell utforming
Det kjem til å spele ei viktig rolle når desse studentane seinare skal ut i yrkeslivet og skape eit samfunn der alle menneske uansett føresetnader skal ha like sjansar til å utvikle og leve gode liv.
Studentane vitja tysdag Ålesund kommune for å knyte tilført teori til dagleg praksis. Der fekk dei møte byplanleggjarar som til dagleg jobbar i spennet mellom verneinteresser og moderne tilpassing av gatemiljø. Dette er svært utfordrande arbeid som ofte tek mykje tid og krev mange ressursar. Byplanleggarane gav først ei teoretisk innføring i formelle krav og deira strategiar for å møte desse. Deretter tok dei studentane med på ei vandring gjennom Løvenvoldgata der eit slikt prosjekt går føre seg akkurat no.
I tillegg til gatevandringa fekk studentane ei grundigare innføring i omgrepet universell utforming, innhaldet i det, lovgjevinga knytt til det og kva konsekvensar desse aspekta bør få for planlegging og administrasjon i praksis. Prosjektleiar Kjetil Andreas Knarlag frå Universell, nasjonal pådrivar i høgare utdanning lokalisert ved NTNU, og Grethe Mattland Olsen frå Institutt for planlegging, administrasjon og skuleretta samfunnsfag ved Høgskulen i Volda stod for denne innføringa.
Onsdag gjennomfører studentane ei kartlegging av kva tiltak innan universell utforming som er gjorde ved utvalde verksemder, bygningsmiljø eller i det offentlege romet i Volda sentrum. Som avrunding av den tverrfaglege veka vil sju ulike studentgrupper leggje fram resultata av granskingane sine på torsdag.
Møtet studentane får med universell utforming i praksis gjennom denne tverrfaglege veka vil seinare bli brukt som ein «fagleg ballvegg» i alle emna dei skal gjennom i studiet og sikre ei god kvalitativ tilnærming til seinare møte med omgrepet i dei respektive yrka dei skal ut i.
Landskapsarkitekt Arne Neumann går gjennom planverk og planar for prosjektet i Løvenvoldgata
Studentane får orientering av fagleiar Mirza Begic om den fysiske omdanninga av Løvenvoldgata