Trond Tønder som gjesteforeleser
Trond Tønder er utdanna ved Filmskolen på Lillehammer og har vore filmfotograf på filmane Rottenetter, Den unge Fleksnes og Knerten i knipe. I tillegg har han vore filmfotograf på fleire kortfilmar, som til dømes Parat, novellefilmar som Zakariassen må dø, og musikkvideoar for The National Bank, samt fleire reklamefilmar for mellom anna Dots.
– Med Trond Tønder får studentane ei grundig innføring i filmfotografi, noko som er ein føresetnad for at studentane på From script to screen skal få god kvalitet på kortfilmane dei produserer, seier seksjonsleiar Vibeke Preus Bech.
Trond Trønder og regissør Magne Pettersen under opptak av novellefilmen «Zakariassen må dø»