Trådlaus tilgang med eduroam på flyplassar
Frå 5. juli tilbyr Avinor i samarbeid med UNINETT, eduroam på 19 flyplassar over heile landet, frå Kristiansand i sør til Svalbard i nord. Alle dei store flyplassane til Avinor er med i testen.
Tenesta blir finansiert av UNINETT og vil ikkje koste noko for brukaren i pilotperioden. Erfaringane frå piloten vil avgjere om dette blir ei permanent teneste til norsk UH-sektor.
- Vi er glade for at vi endeleg kan tilby enkel nettilgang til UH-sektoren sine brukarar også på flyplasser, seier eduroam-ansvarlig i UNINETT, Tom Myren. I løpet av pilotperioden vil dei evaluere tenesta for å vurdere om den skal bli permanent.
Enkelt med eduroam
Eduroam (education roaming) er eit internasjonalt og sikkert system for trådlaus nettilgang, basert på same brukernamn og passord uavhengig av kvar brukaren er. I praksis fungerer det slik at maskina søker etter nærmaste eduroam tilgangspunkt og automatisk logger seg på, utan at brukaren treng å gjere noko. Dei aller fleste statlege universitet og høgskular i Noreg har eduroam, og det same gjeld for høgare utdanningsinstitusjonar i dei fleste land i Europa.
Eduroam blir tilgjengeleg på følgjande flyplassar:
• Alta lufthavn
• Bardufoss lufthavn
• Bergen lufthavn, Flesland
• Bodø lufthavn
• Harstad/Narvik lufthavn
• Haugesund lufthavn
• Kirkenes lufthavn
• Kristiansand lufthavn, Kjevik
• Kristiansund lufthavn
• Lakselv lufthavn
• Mo i Rana lufthavn
• Molde lufthavn
• Oslo Lufthavn, Gardermoen
• Stavanger lufthavn, Sola
• Stokmarknes lufthavn
• Svalbard lufthavn
• Tromsø lufthavn
• Trondheim lufthavn, Værnes
• Ålesund lufthavn