Symjehallen må reparerast
Det hastar mest å få gjort noko med symjehallen, men eigentleg bør heile Idrettsbygget oppgraderast. Statsbygg reknar med at det vil koste mellom 50 og 80 millionar kroner å rehabilitere og oppgradere heile Idrettsbygget til dagens krav.
Høgskulen i Volda har leigekontrakt med Statsbygg på Idrettsbygget fram til og med 2020 og brukar huset til idrettsutdanningane sine. Symjehallen er også viktig for studentvelferd i Volda.
Idrettsbygget ved Høgskulen i Volda stod ferdig i 1961 og hadde då det einaste 25 meters symjebassenget mellom Bergen og Trondheim. Det har vorte sett mange norske rekordar i bassenget som også har fem meters stupetårn.