Sveriges souldronning Veronica Maggio til Rokken
Av: Grete Aronsen Husebø, PR Rokken
Den svenske soulartisten spelte for eit utseld John DEE i haust, og no tek ho turen til Volda. Ho blåste liv i frosne nordmenn i fjor vinter med singelen "Måndagsbarn". Singelen er eit spor på den fengande plata "Och Vinnaren Är.." som med sin spesielle stil tek oss tilbake til tida då plateselskap som Motown og Stax dominerte musikkbildet. Veronica Maggio har allereie vunne den svenske musikkprisen Rockbjörner to gongar, og vert nominert til seks Grammis i Sverige.
Dørene opnar klokka 21.00.