Sunnmøre kammermusikkfestival om to veker

Tekst: Webmaster Volda

Sunnmøre kammermusikkfestival vert arrangert første gong 6.-8. mai, og bak festivalen står Høgskulen i Volda i nært samarbeid med fiolinisten Annar Follesø og pianisten Wolfgang Plagge.

Begge musikarane held høgt internasjonalt nivå, og vil i tillegg til å leie programarbeidet kvart år, òg handplukke eit lag av framifrå musikarar til festivalen.

– Vi er stolte over å ha sikra oss desse kapasitetane innan klassisk musikk, kommenterer Jacob Kjøde jr, som er leiar for festivalen.

Studentar ved Høgskulen i Volda, Symfoniorkesteret og musikkmiljøet vil ta del i mellom anna ein stor avslutningskonsert i Volda kyrkje  laurdag kveld, saman med høgskulekoret, Hareid kammerkor, Ørstakoret og Søre Sunnmøre kammerkor og dei profesjonelle artistane.

Les meir om programmet, billettinformasjon og artistane på www.kammermusikkfestival.no da50fbb5df4d7aa0a375c92dd3b50b58adc7877b

Del på