Styret om struktursaka
I mai sende Kunnskapsdepartementet ut eit brev om framtidig struktur i universitets- og høgskulesektoren. Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen bad kvar institusjon om å vurdere korleis dei ser sin plass i ein sektor med færre institusjonar.
Det var styreseminar om saka på tysdag og onsdag 29. oktober konkluderte styret ved Høgskulen i Volda med dette vedtaket:
1. Styret har merka seg at alle avdelingane, fagforeiningane og Studenttinget i Volda primært ynskjer at HVO held fram som sjølvstendig institusjon. Dersom styresmaktene meiner (jf. oppdragsbrevet av 26.05.2014) at vi må inn i ei større eining, ser styret det som mest tenleg med ein fusjon av høgskulane i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.
Enten HVO held fram som eigen institusjon, eller vert slått saman med andre høgskular på Nord-Vestlandet, vil styret prioritere følgjande som nasjonale satsingsområde for høgskulen:
- Yrkesretta medieutdanning
- Nynorsk i utdanning, forsking og formidling
- Fleksibel vidareutdanning
2. Styret gir leiinga fullmakt til å ferdigstille svarbrevet til Kunnskapsdepartementet.
3. Styret gir leiinga fullmakt til å ferdigstille strategiplanen.