Studentsamskipnaden treng di tilbakemelding

Tekst: Webmaster Volda

Brukerundersøkinga er ei evaluering av velferds- og tenestetilbodet til SfS. Tilbakemelding frå studentane er heilt nødvendig for å vite kva som fungerer og kva som må gjerast annleis. SfS er opptekne av at studiekvardagen skal vere så enkel som mogleg, og undersøkinga er viktig for å vidareutvikle og halde på gode tilbod og tenester.

SfS hadde tilsvarande undersøking i 2004, og fleire andre samskipnadar i landet har slike undersøkingar jamnleg. Samarbeid på tvers av samskipnadar gir høve til å samanlikne, måle og lære av kvarandre. Det er viktig med tilbakemelding, og ei slik undersøkingar sikrar eit mangfaldet av studentar. Undersøkinga går ut til alle studentar på Høgskolen i Ålesund og Høgskulen i Volda.

Les meir om SfS sine tenester og tilbod her.


Del på