Studentrepresentantane i Høgskulestyret 2014-2015
Tormod Daae Smedsvig og Pernille Solvang vart valde som studenterpresentantar i Høgskulestyret 2014-2015.
Valet av studentrepresentantar til Høgskulestyret vart i år for første gong gjennomført elektronisk.
– Det er betre valdeltaking enn i fjor både i forhold til talet på nominerte og talet på stemmer, men vi ønskjer at enda fleire stemmer. Vi er opne for innspel til korleis vi kan få til det, seier leiar i valstyret Mona Cesilie Andersen.
På førehand av valet, blei kvar nominert spurt om kva dei dei ville gjere, om dei blei valt som studentrepresentant i Høgskulestyret. Dei svarte slik:
Pernille Solvang:
Jeg vil gjøre mitt beste for å gjøre en forskjell. Jeg ønsker at mine medstudenter blir hørt, stå opp for hva dere mener er viktig, så alle kan få en bedre studiehverdag.
Tormod Daae Smedsvig:
Som min hovedoppgave jobbe for at studentenes stemme blir hørt i sakene som berører dem her på Høgskolen. Vi er nå midt i en prosess der det ikke er sikkert at Høgskolen blir værende i den formen vi kjenner den i dag. Og jeg vil gi høgskolestyret DIN stemme inn i de beslutningene som blir tatt i løpet av dette året. Jeg vil lytte til de sakene dere mener må opp til diskusjon, og gjøre mitt beste for at VI studenter blir hørt.
Joanna Antoniak:
Om jeg blir valt til Høgskulestyret, vil jeg: benytte meg av erfaringane og kunnskapane eg har fått frå dei ulike organisasjonane på lokalt og nasjonalt nivå og representere studentane på best mogleg måte. Eg vil gå inn i den stillinga med eit bevisst mål om å kunne høyre alle og representere alle studentane like godt. Verva eg har vore svært engasjert i dei siste åra (og som framleis er svært aktuelle på agendaen min) inkluderer bl.a.: nestleiarstilling i Læringsmiljøutvalget, leiarstilling i Studenttinget, arbeid i ulike råd og utval på Høgskulen i Volda og i Studentsamskipnaden for Sunnmøre og komitéer og arbeidsgrupper i UH-nett Vest og i Norsk Studentorganisasjon.
Erlend Kernmo Langset:
Eg vil vere ein talsmann for DEG som student, sette meg godt inn i sakspapir og stille forberedt til kvart møte, representere studentane, ikkje meg sjølv og jobbe aktivt for å finne løysingar som kjem alle til gode.