Studentrepresentantane er klare!

Tekst: Webmaster Volda

Informasjon frå valstyret


VAL AV TO STUDENTREPRESENTANTAR OG TO VARAREPRESENTANTAR TIL STYRET FOR HØGSKULEN I VOLDA FOR PERIODEN 1. AUGUST 2009 - 31. JULI 2010


Valet av nye studentrepresentantar til styret for Høgskulen i Volda vart avvikla som urneval onsdag 7. oktober 2009 i tidsrommet 09:00 - 15:00.


Fire kandidatar stilte til val. Desse var i alfabetisk rekkjefølgje:


Ida Marie Antonsen

Sunniva Selena Bolseth

Sølve Tafjord

Ina Helen Østby


Ved førehandsrøystinga hadde 9 personar røysta, og ein tvist om stemmerett vart kjend ugyldig. 30 studentar hadde røysta ved sjølve urnevalet.


Oppteljinga av stemmene viste følgjande fordeling:


Ida Marie Antonsen                          19 stemmer

Sunniva Selena Bolseth                     12 stemmer

Sølve Tafjord                                    24 stemmer

Ina Helen Østby                                19 stemmer

Det vart avgitt ei blank stemme.

Val av representantar til styret blir gjennomførde som fleirtalsval, jf. Reglement for val av rektor, prorektor og styre ved Høgskulen i Volda, § 24.


To av kandidatane, Ida Marie Antonsen og Ina Helen Østby, hadde fått like mange stemmer. I samsvar medretningslinjene ivalreglementet, § 24,måtte det endelege utfallet avgjerast ved loddtrekking for desse kandidatane.  Ved loddtrekkinga vart Ina Helen Østby fast representant.

Det endelege resultatet frå valet av nye studentrepresentantar til styret for Høgskulen i Volda vart dermed slik:

Faste representantar:                                                           Vararepresentantar:

Sølve Tafjord                                                            1. Ida Marie Antonsen

Ina Helen Østby                                                        2. Sunniva Selena  Bolseth

Del på