STUDENTAR OG INDISKE RETTLEIARAR DELER KULTURERFARINGAR

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

0a804b7e3e27450bc3ee899684682cc6 Årets barnevernspedagog- og sosionomstudentar i praksisstudium i Mangalore, India. Frå v. Mikael Risjord, Catrine Haugen, Tone Hernes, Elisabeth Nygårdsæter, Maren Pedersen, Solfrid Askeland Selje, Madeleine Stubbene Skaje, Therese Lovise Vidnes.

Studentane er utplasserte i 4 ulike institusjonar drivne av frivillige humanitære organisasjonar; Kripa Foundation og Link De-addiction centre som driv rusbehandling, Sanidya som er ein internatskule for ”differently abled children”, dvs  barn og ungdom med mentale og kognitive funskjonshindringar. I år har vi studentar også ved Dharma Jyoti Social Centre som driv lokalsamfunnsareid.
 

d83ff1fb89aa0f9d4831e4a61c1c791e
Gerd Skjong ønskjer velkomen og introduserer Hallgerd Conradi som førelesar. I midten internasjonal koordinator Joselyn Lobo, School of Social Work, Roshni Nilaya.

RETTLEIINGSSEMINAR

Sist veke var høgskulelektorane Gerd Skjong og Hallgerd Conradi på praksisbesøk  til studantane. Frå praksisplassane vart det framhalde at studentane inspirerer ved at dei bringer inn nye tankar og perspektiv.  Slik får dei dele fagleg tenking og arbeidsmåtar.  Studentane på si side er i ei læringstid der fag, kultur og sosiale relasjonar gir kontinuerlege utfordringar.

f2786f34bf545fa86096c739521931edPraksisrettleiarane Lydia Lobo og Sharel Tauso.

Høgskulen har dei siste åra arrangert heildagsseminar for praksisrettleiarar, tilsette ved Roshni Nilaya og våre studentar. I år tok om lag 30 del i seminaret der kulturelle ulikskapar og veiledning vart tematisert. Hallgerd Conradi heldt innleiande førelesing før deltakarane møttes i små grupper for diskusjon og utveksling. Dei kom tett på kvarandre, noko som ga ny forståing av m.a. korleis kulturell ulikskap kjem til uttrykk og slik gir ulike rammer for sosialt arbeid. 

Høgskulen i Volda tilbyr Barnevernspedagogutdanning og Sosionomutdanning, Master i meistring og myndiggjering og ei rekke vidareutdanningar innan sosialfag. 

Del på