Stortingsrepresentant Pål Farstad vitja HiVolda
Stortingsrepresentant Pål Farstad (th) her saman med rektor Per Halse i Berte Kanutte-huset.
Farstad var på Høgskulen i Volda for å møte leiargruppa til «arbeidslunch» og for å få omvising på campus. Under omvisinga vart det brukt mest tid på Avdeling for mediefag og Avdeling for kulturfag.
Rektor Per Halse og dekan på Avdeling for mediefag Sverre Liestøl viste stortingsrepresentant Pål Farstad mellom anna det nyoppussa TV-studioet.
KOMPLETT MEDIEHUS
Avdeling for mediefag tilbyr bachelorgrader i journalistikk, animasjon og PR, kommunikasjon og media og mastergrad i media practices.
– Vi har det mest komplette mediehuset i Noreg. Vi har interne reelle praksisperiodar og vi produserer og publiserer både avis, nett, radio og fjernsyn, det er det ingen andre som gjer, sa dekan på Avdeling for mediefag Sverre Liestøl.
Dekan ved Avdeling for kulturfag Aud Folkestad viste stortingsrepresentant Pål Farstad fleire av dei godt utstyrte romma på avdelinga, her på eit nyoppussa musikkrom som har det siste utstyret innan musikkteknologi.
UNIK KULTURFAGSAVDELING
Sterke fagmiljø innanfor drama og teater, kunst og handverk, medie- og kommunikasjonsteknologi, musikk og idrett og friluftsliv gjer at dekan ved Avdeling for kulturfag Aud Folkestad har vanskar med å finne andre høgskular å samanlikne seg med.
– Medan mange av høgskulane i Noreg har bygd ned sitt tilbod innanfor kulturfag er dette noko vi her på Høgskulen i Volda satsar på. Friluftsliv er det studiet som har hatt størst auke i søkartala ved høgskulen. Vi har dessutan veldig god søknad til drama i år. Vi fekk også eit nytt emne i fjor, Entreprenørskap i kulturnæringane, som har slått veldig godt an, sa Folkestad.
Dekanen framhevar at avdelinga har eit veldig godt samarbeid med Avdeling for mediefag, og at dei drar nytte av kvarandre.
– På høgskulen driv vi med formidling i vidaste forstand, med kulturfag, mediefag og lærarutdanning. Vi må kombinere det vi er gode på, sa Folkestad.
Etter omvisinga uttalar Farstad at det er nokre fagområde som peikar seg ut på HiVolda som ingen andre har.
– Dei særprega studia og miljøa vil heve høgskulen. Eg er veldig opptatt av at dette ikkje skal gå tapt ved ei omstrukturering, sa Farstad.
ØNSKJE OM NÆRINGSPARK
Det er plassmangel på høgskulen, og eit sterkt ønskje om eit nytt bygg. Her ser mellom andre Folkestad og rektor Per Halse for seg at det også vil vere plass for ein næringspark, som vil vere ei vidareføring av Sunnmøre kulturnæringshage som i dag held til i sentrum. Allereie i haust skal høgskulen i gang med eit campusprosjekt i lag med Statsbygg.