Stor interesse for ny utdanning
(F.v.): Lars Johan Stokken og Carl Henrik Odin er mentorstudentar på modul I. Dei syner stor interesse for å byrje på modul II.
Studiet er for lærarar i barnehage, skule og vidaregåande opplæring som har gjennomført modul I (15 stp.) eller liknande. Sjølv om fokus er på rettleiing av nyutdanna vil studiet også høve for praksislærarar i barnehage, skule og vidaregåande opplæring.
– Søknadsfristen er 15 april, og vi har registrert stor interesse for studiet, fortel fagleg ansvarleg, førstelektor Bente Vatne ved Høgskulen i Volda.
Artikkelen held fram under biletet
Innhaldet i modul II handlar om yrkesrolla i barnehage, skule og i vidaregåande opplæring, perspektiv på endring både av yrkesrolle, organisasjon og samfunn, forsking om rettleiing i nasjonalt og internasjonalt perspektiv, profesjonsidentitet og deltaking i profesjonelle læringsfellesskap. Det vert gjennomført fire samlingar kvar på to dagar med erfarne førelesarar både frå dei to samarbeidande høgskulane og også frå andre høgskular og universitet.