Stor breidde ved kunst og handverk
Studentane har arbeidd med sjølvvalt tema og materialområde i eit halvt år. Arbeida syner stor breidde. Det var mellom anna stilt ut skulpturar i keramikk, papir og glas, måleri, grafikk, smykke i tre og metall, teikneserie og teikning.
Michelle Santos stilte ut tre teikna portrett.
Michelle Santos hadde vald teikning som media.
─ Teikning har interessert meg sidan eg var liten, men eg følte det hadde stagnert litt. Eg ville difor forske på teikning og har nytta øvingar av den amerikanske kunstlæraren Betty Edwards.
Anette Uglum Neset hadde vald glas som medium.
Anette Uglum Neset har tidlegare vore i praksis hos ein glaskunstnar, og synest det var spennande å få lære meir om det.
─ Eg har munnleg eksamen i morgon der eg skal forsvare oppgåva mi, og håpar og trur det går bra. Neste år skal eg byrje på Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU).
Elin Marie Glærum Grønvik stilte ut maleriet "#Selfie".
Seksjon for formgiving, kunst og handverk tilbyr to 3-årige utdanningsløp, bachelor og faglærarutdanning.