Statsråd Tora Aasland til høgskulen
Statsråd Tora Aasland har ansvar for mellom anna universitets- og høgskulesaker (Foto: Stig Weston).
Torsdag 30. april kjem statsråd Tora Aasland til høgskulen. Dagen opnar kl. 11.15 på Aasen 223 med ei helsing til statsråden frå rektor og studentrepresentant og helsing frå statsråden. Det vert ei kort orientering om Høgskulen i Volda – fokus aktivitet, utfordringar og økonomi.
Forskings- og høgare utdanningsminister Tora Aasland har ansvar for universitets- og høgskulesaker, forskingssaker, studiefinanseringssaker og fagskuleutdanningssaker i Kunnskapsdepartementet. Les meir om statsråden på Kunnskapsdepartementet sine sider.
Resten av dagen vert det internt program med følgjande tema på agendaen:
- Nasjonale oppgåver – Medieutdanning og forsking
- Profesjonsutdanning, forsking og utviklingsarbeid i og for regionen
- Samfunnsrolla i breitt – kulturfaga spesielt – Seanse
- Utfordringar for Høgskulen i Volda
- Kort omvisning i regionen, Volda og Ørsta
- Ivar Aasen-tunet
Pressekonferanse
Stad: Aasen 223 (ved Avdeling for mediefag)
Tid: Torsdag 30. april kl. 11.15-11.45
Kontaktperson:
Rektor Jørgen Amdam
Tlf: 700 75 020
Mobil +47 95 46 39 42
E-post: [email protected]