Statsbudsjettet: 15 nye studieplassar
– Dette er vi rimeleg godt nøgde med, seier rektor Jørgen Amdam. Dei nye studieplassane på masternivå vil sikre finansieringa av dei eksisterande masterutdanningane våre.
Rektor Amdam ved studiestarten 2010, der han kunne helse eit rekordhøgt tal studentar velkomne til Volda.
Betre finansiering av grunnskulelærarutdanningane
Rektor Amdam kan glede seg over auka løyvingar til dei to nye grunnskulelærarutdanningane. Dette skjer ved at desse studieplassane endrar såkalla kategori i finansieringssystemet.
– Kategoriendringa vil gje oss om lag 16000 meir per student på årsbasis, seier han.
Orienteringa om statsbudsjettet 2011 for universitet og høgskular er eit førebels tildelingsbrev. Ein må difor ta atterhald om Stortinget si handsaming av statsbudsjettet for 2011.