Språk – ein føresetnad for kommunikasjon
Kunnskap om språk og tekstar gir oss innsikt i kulturen og oss sjølve, og gjer det lettare å vere aktive deltakarar i samfunnet. Ved høgskulen er den einaste mastergraden i nynorsk skriftkultur. I studiet undersøkjer ein skriftkulturen allment, samstundes som det nynorske eksemplet vert brukt for å vise korleis menneska har forma skrifta, og skrifta har forma menneska.
- Ein skulle kanskje tru at dette er eit spesialstudium i nynorsk skriftspråk, altså berre for spesielt interesserte. Det er det ikkje. Vi studerte for eksempel utviklinga av språk i eit historisk perspektiv, japansk og arabisk skriftkultur, og vi fekk ei grundig innføring i samanhengen mellom utvikling av skrift og kultur og samfunnsutvikling, og dessutan i literacy, det vil seie kva skrivekunne har å seie for samfunnsdeltaking, fortel Marit Wadsten.
Etter nokre år som lærar i grunnskulen valde Marit Wadsten å ta
mastergradsutdanning. (Foto: Iris Engen Skadal)
Ulike fagdisiplinar
Mastergradsstudiet i nynorsk skriftkultur er eit kulturstudium. Studiet formidlar innsikt i skriftkulturen generelt, og i den nynorske skriftkulturen særskilt. Det vert brukt ulike fagdisiplinar som språkvitskap, historie, litteraturvitskap, mediekunnskap, sosiologi, antropologi, filosofi og pedagogikk.
- Eg valde å fordjupe meg i emnet "Nynorsk filosofisk essayistikk", der vi studerte eit utval av skriftene til Hans Skjervheim, Gunnar Skirbekk og Jon Hellesnes, ja vi hadde også fleire forelesingar med Hellesnes sjølv. Dette er det mest interessante studiet eg har delteke på, seier Wadsten.
Opna for nye og spennande moglegheiter
Mastergradsstudiet går normalt over to studieår på full tid, men det vert lagt til rette for studentar som vil ta studiet over lengre tid. Undervisninga er organisert i tre vekesamlingar per semester. Studiet gir brei språk- og kulturkompetanse og kvalifiserer for undervisning i skuleverket, for arbeid i fagstillingar ved museum, i offentleg og privat kultursektor, i kulturadministrasjon og ved kulturformidlingsinstitusjonar.
- Eg leverte masteroppgåva mi våren 2008, og fekk tilbod om jobb ved lærarutdanninga her ved høgskulen medan eg studerte. No arbeider eg i tillegg ved Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa, så for meg har dette studiet absolutt opna for nye og spennande moglegheiter i jobbsamanheng, avsluttar ho.
Les meir om Mastergradsstudiet i nynorsk skriftkultur