Spenningskurs på Bjorli med fart og iver
Tekst og foto: Fredrik Malmo, student ved Bachelorstudiet Idrett og friluftsliv.
Saman med elevar frå Stranda V.G.S , Møre Folkehøgskule, bachelorstudentar frå Sogndal og Åbo Akademi i Finland er elevane frå Høgskulen i Volda med på å legge til rette for ei veke med ulike spennande aktivitetar for deltakarane. Alpint, snørafting, klatring, taubane, turar med hundeslede og bålkos i lavvo er nokre av alternativa for dei 110 deltakarane som er med. Eit av måla med kurset er at alle skal komme seg ut i naturen, og meistre ut i frå sine eigne forutsetningar.
Mange av studentane som er med synest det er ei kjekk og lærerik erfaring å vere med på eit slikt arrangement. Deltakarane på kurset dekker eit vidt spekter, og har ulike behov for hjelp og instruksjon. Instruktørane kan vere til hjelp med alt ifrå å sitte i lavvoen og grille pølser, til å kjøre ski i skitrekket, eller vere med på snørafting.
Det er dei positive opplevingane som står i sentrum og det blir lagt vekt på det sosiale gjennom heile veka. På Spenningskurset er det viktig å sjå moglegheiter i staden for avgrensningar, og instruktørane skal være der å hjelpe til å gjere det mogleg!
For meir informasjon om studietilbod (Idrett og friluftsliv) sjå: www.hivolda.no/idrettogfriluftsliv
For meir informasjon om sjølve kurset, samt bileter frå Spenningskurset sjå: www.spenningskurset.no