Sosialfagstudentar i India

Tekst: Webmaster Volda

4d2198289e84a5e742cd2e5c728cd2c3
Frå venstre , Ole-Gunnar Palmer-Morewood, Lene Pedersen, Sigrid Lunde, Astrid Bugge, Hallgerd Conradi, Gerd Skjong, Randi Lunden, Matilde Lien, Silje Mork Åmelfot og Morten Byrkja.  


I haust er åtte studentar i praksis i Mangalore, ved rusinstitusjonar, teneste for menneske med utviklingshindring og i arbeid med alvorleg sjuke og deira pårørande.

Studentane møter faglege og kulturelle utfordringar, noko som gir gode føresetnadar for læring og utvikling av fagleg identitet. Instituttleiar Hallgerd Conradi og praksisansvarleg Gerd Skjong har møtt studentane og fortel om studentar som trivast godt med denne type praksis, og som møter utfordringane på ein god måte.

Institutt for sosialfag har i haust 105 studentar i praksisstudier, fordelt på Norge, Kenya, India, Palestina, England, Danmark og Brasil. Det er om lag 1/3 av studentane som vel å reise utanlands for praksisstudier og er med på å bringe impulsar inn til sosialfaget i Norge. 

Del på