Søkjartala for hausten 2015: Stabilt på høgt nivå
Foto Andrea Alstad.
Høgskulen i Volda er den største i Møre og Romsdal og har hatt 3.600-3.900 studentar dei siste åra, og noko som er det høgste studenttalet nokon gong.
Tala frå den nasjonale søkjarbasen Samordna opptak syner at Høgskulen i Volda hadde i år om lag like mange søkjarar som i fjor med ca 1.200 primærsøkjarar då søknadsfristen gjekk ut 15. april. Høgskulen i Volda har lokalt opptak på halvparten av sine studentar og har løpande opptak heilt fram til studiestart hausten 2015.
– Vi ser at søkjartala på studia i Volda svingar i takt med nasjonale trendar. Til dømes har sosionomstudiet med 135 søkjarar aldri hatt så høg søknad som i år, fortel rektor Per Halse. Andre studium med god søknad er det heilt nye studiet Friluftsliv- og naturguideutdanninga og det er også lange ventelister på Praktisk pedagogisk utdanning (PPU).
Dei mest omsøkte studia ved Høgskulen i Volda har i alle år vore mediestudia og det er framleis hard konkurranse om å få plass på bachelorstudia i Animasjon, Journalistikk og Media/IKT/design og masterstudiet i Dokumentar og journalistikk. Medieutdanningane har i år omlag 350 søkjarar.