Søk-korpset hjelper søkjarar før studiestart
Kan hende at du vert student ved Høgskulen i Volda til hausten. Det er det mange gode grunnar til. Lurer du på korleis det er å studere i Volda og kva slags fritidstilbod og aktivitetar du kan ta del i? Vil du kort og godt vite korleis ein vanleg skuledag er lagt opp?
Høgskulen i Volda har to sentrale ordningar for å fange opp spørsmål frå aktive og nyfikne søkjarar: studentrettleiarane og portalen for studiestart.
Studentrettleiarane
Studentrettleiarane har vore studentar i fleire år, anten ved Høgskulen i Volda eller ved høgskular og universitet i andre delar av landet. Silje Flåskjer, Ane Thea Galaasen og Grete Forsmo vil gjere det dei kan for å hjelpe deg.
Silje er frå Volda og held på med allmennlærarutdanning i Bergen. Ane Thea er ferdig med første året på journalistikk i Volda, og Grete går andre året på bachelor i PR, kommunikasjon og media. Alle har god kjennskap til både bygda og studiestaden. Felles for dei alle er at dei veit korleis det er å vere student på HVO.
Studiestartportalen
Fram mot studiestart finn du mykje nyttig informasjon på www.hivolda.no/studiestart. Vi har samla nødvendig informasjon på ein stad med hjelpesider, kart, informasjon om campus, kontaktpersonar, rettleiing og rådgjeving, praktisk informasjon relatert til kvart studium, ofte spurte spørsmål, nyttige lenkjer osv. På studiestartportalen ligg informasjon om studiestart 17. august: offisiell opning av studieåret, avdelingsvise orienteringar, sosiale aktivitetar, fadderveka osv. Du finn også biletegalleri frå studiestaden Volda, campus og studentaktivitetar.
Som ny student vert du ønskja formelt velkomen på opningsfesten. Etterpå vil kvar avdeling ha eige program der får du møte dei fagleg tilsette, medstudentar og fadderar. Sjekk ut www.hivolda.no/praktiskinfo, der finn du oversikt over når og kvar du skal møte.
Kontakt oss
Nøl ikkje med å kontakte Søk-korpset dersom det er noko du lurer på.
T: 70 05 48 00 (måndag-fredag 09.00-15.30)