Skredkurs på Standaleidet for friluftslivsstudentar
Tekst: Aud Marit Sofie Wigg
Årsstudiet i friluftsliv legg vekt på å gje studentane gode naturopplevingar og spennande fysiske aktivitetar.
– I studiet vil teori og praksis følgje kvarandre gjennom turar og aktivitetar i ulike naturtypar og i alle årstider, og naturmiljøa er varierte; skog, fjell, fjord, kyst, høgfjell og bre. Sunnmørsnaturen dannar grunnlaget for undervisninga, og nettopp derfor er det så viktig at studentane får undervisning i skred. ”I vårt distrikt er skred og skredfare svært sentralt”, seier høgskulelektor Ola Einang.
Han og høgskulelærar Stig Løland ved Seksjon for idrett og friliftsliv står for undervisninga desse dagane.
– Studentane skal lære å vurdere kvar ein kan gå og kvar ein ikkje kan gå, vurdere når det er skredfare, dei får undervisning i kva utstyr dei bør ha med på tur, og dei lærer kameratredning”, supplerer Einang.