Sjå kva Volda har å by på
Om du ikkje fekk med deg livesendinga CampusLive, kan du no sjå den i sin heilskap over her.
På sin ferd gjennom Volda og høgskulen spør journaliststudent Hans Andreas Solbakken, som leia sendinga, ut studentar og faglærarar om deira utdanning og korleis den er lagt opp i Volda. Han er innom dei sentrale husa på campus og visar fram viktige funksjonar. I tillegg tek Solbakken for seg korleis livet i Volda er utanom skuletida, der du får vere med på ei lita omvising i Volda sentrum, inn på Studenthuset Rokken, høyre om frivillige lag og organisasjonar i bygda og kva Fadderveka 2016 planlegg for dei nye studentane til hausten.
På sin ferd gjennom campus kjem programleiaren i prat med studentar og faglærarar frå desse utdanningane (etter rekkefølge i sendinga): PR, kommunikasjon og media, Journalistikk, Sosionom og Barnevernspedagog, Grunnskulelærarutdanninga 1.-7. trinn, Kunst og handverk, Teater og drama, Musikk, Friluftsliv og naturguide og Idrett.