Semesterstart for Peikestokken

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Studentavisa Peikestokken startar opp att i dag, onsdag, med informasjonsmøte for interesserte. Avisa er open for alle, og ein treng ikkje ha journalistisk erfaring for å bli med.

- I år satsar eg alle mine kort på å få med studentar frå alle fagretningar på høgskulen, seier Sandra Mørkestøl. Ho har vore redaktør det siste semesteret, og er no klar for å gje frå seg redaktørjobben.

- Å vere redaktør i Peikestokken har vore veldig lærerikt, sosialt og utfordrande, seier ho. Men det er ikkje berre redaktøren som har fått Peikestokken til å gå rundt, og Mørkestøl fortel at dei treng ny økonomiansvarleg, nettansvarleg, fotografar, korrekturlesarar, illustratørar, sports-, nyheits- og kulturredaktørar. Og sjølvsagt journalistar. Spesielt viktig er kanskje layoutansvarleg. Ho/han er ansvarleg for utsjånaden til avisa, som siste året har hatt eit magasinaktig preg. Mørkestøl understrekar at det no er opp til den nye redaksjonen å forme den studentavisa dei ønskjer å ha. Studentavisa kjem ut tre gongar i semesteret, og blir distribuert på heile høgskulen. Den vert lest og skapar debatt.

- Som del av Peikestokken har du stor fridom til å utfalde deg innan journalistikk, foto og grafisk design. Og tør du våge deg på redaktørrolla, kan eg love deg at du lærer meir enn på lenge! oppmodar Mørkestøl med eit smil.

Informasjonsmøtet er klokka 17 i redaksjonen i Hans Strøm-huset. Har du ikkje moglegheit til å kome på møtet, kan du sende mail til [email protected] og melde di interesse.

Peikestokken is Volda`s student paper. It is possible for international students to get involved and write articles in English. If you have any ideas, please show up at our meeting today at 16.30 in Redaksjonen, Hans Strøm-huset. Or you can send an email to [email protected]. It`s a great way to get in touch with the students in Volda.

Del på