Samfunnsfagstudentar på geologi-ekskursjon
I landskapet rundt oss ser vi spor etter ting som har skjedd i ulike geologiske periodar. Denne ekskursjonen fokuserte spesielt på kvartærperioden og det som har skjedde med landskapet vårt i samband med istidene i denne perioden.
– Det har vore spennande å sjå at mykje av det som vi har lese om i pensum og fått undervising om i klasserommet, faktisk kan observerast i landskapet omkring oss, seier Selma Fjørtoft, ein av studentane som var med på ekskursjonen. Ekskursjonen aktualiserte den teoretiske kunnskapen for meg. Det er inspirerande og lærerikt.
Studentane og ekskursjonsleiar Norleif Vik er teke ved israndavsetjinga ved vestenden av Hornindalsvatnet.