Ruth Wilhelmine Meyer og den utrulege menneskestemma

Tekst: Tone Solhaug

- Oppdatert

547faa8f0a2a19eb728880dc0a994e35

Vokalartisten, improvisatøren, komponisten og songpedagogen Ruth Wilhelmine Meyer utforskar og oppdagar stadig nye måtar ho kan bruke stemma si på. Slik har ho fått eit omfang på minst fem oktavar. Og når ho syng, kan ein høyre spor etter barokk-forsiringar, kanadisk inuitt-song, norsk kveding, armensk kyrkjesong, fuglelydar, spebarnslydar, opera og nordsibirsk natur. (www.wilhelmine.no)

Ho underviser ved Musikkhøgskulen, har gitt ut mange CD-ar og held konsertar i inn- og utland. Nyleg var ho å høyre og sjå i Magnar Åms opera «Is-slottet», som også vitja kulturhuset Sjøborg i Ulsteinvik.

Work-shopen inngår i undervisninga ved Avdeling for kulturfag og vil gå føre seg onsdag 8. april i Konsertsalen, Kaarstad-huset, kl. 11.15 – 14.00.

Deltakaravgift ved oppmøte: kr 350,- .  Studentar: gratis.

Del på