Rokken treng ny Bookingansvarlig og Personalansvarlig
Stilling som Bookingansvarlig
Arbeidet vil bestå i å samarbeide med Daglig leiar på studenthuset Rokken. Som Bookingansvarlig på Studenthuset vil du i samarbeid med daglig leiar og leiargruppa blant anna få vere med å booke kva konsertar som skal vere på Rokken. Dette er ein svært spanande jobb, og du er med på å sette ditt preg på studentmiljøet. Vi treng deg som er oppteken av musikk og har lyst å lære meir. Du som søkjer må vere i Volda i eitt år til. Du vil også få god opplæring.
Søknadsfristen er 20. februar. Om du har spørsmål, send ein e-post til [email protected].
Stilling som Personalansvarleg
Den som har personalansvar har det overordna ansvaret for dei som arbeidar som hovudansvarlege (”HA”) og ”jobbgjengen” på Studenthuset Rokken. Som Personalansvarlig sit du også i styret i Studentsamfunnet og er med på å betre tilhøva for alle dei som er frivillige på huset. Arbeidet går ut på å lage arbeidslister, samt drive opplæring av nye frivillige og ”HA”.
Om dette høyres ut som noko for deg kan du sende søknad til [email protected]. Søknadsfristen er 20. februar.
Vil du vere Booking- eller personalansvarlig på Rokken?
Send søknad til [email protected]
Hugs søknadsfristen 20. februar.
Les meir om Studenthuset Rokken her