REKTORVAL 2014
– Rektorvalet for perioden 2015-2019 vert avgjort før nyttår, og før ein lyser ut dei fire årsmålsstillingane for dekanar, forklarer leiar i valstyret, Mona C. Andersen. Rektor og dekanar tek til i stillingane sine 1. august 2015. Når ein rektorkandidat er nominert, vel denne kandidaten ein prorektor som han eller ho går til val saman med.
Valstyret jobbar for tida med å få på plass løysingar for elektronisk val. Dersom dette kjem på plass innan slutten av november, vil valet bli heldt elektronisk med Feide-pålogging. Meir informasjon kjem seinare.
TIDSPLAN FOR VAL AV REKTOR
• Nominasjon av rektorkandidatar: 20.– 31. oktober
• Svarfrist nominerte: 4. november kl. 15.45
• Periode der rektorkandidatar skal
finne prorektorkandidat 4. – 11. november
• Valkamp-periode 12. – 21. november
• Førehandsrøysting 24. november – 02. desember
• Valdato (urneval) 03. – 04. desember kl. 09.00 – 15.00 begge dagane.
Urna vil stå i resepsjonen i Berte Kanutte-huset