Rekordhøgt studenttal
Ja-svar til yrkes- og bachelorutdanningane: Auke på over 20%
- Høgskulen har fått 90 fleire ja-svar, ein auke på over 20%, til dei strategisk viktige yrkes-og bachelorutdanningane. Til grunnskulelærarutdanningane i Volda har vi no 13 fleire ja-svar enn i fjor. Opptaket til mastergradsstudia viser små endringar. Dette er tal vi må seie oss godt nøgde med, seier høgskuledirektør Jacob Kjøde jr.
Høgskuledirektør Jacob Kjøde jr.
BA-utdanningar, GLU, FLU | Ja 09 | Ja 10 | Endring |
Grunnskulelærar | 71 | 84 | 13 |
Sosialfaga | 115 | 141 | 26 |
Førskulelærar | 49 | 68 | 19 |
Mediefaga | 135 | 143 | 8 |
Kulturfaga | 62 | 91 | 29 |
Samfunnsfag og språk | 35 | 34 | -1 |
Mange vil til Volda.
Etter- og vidareutdanning
Det er også auke i søknaden til deltidsstudia ved høgskulen.
- Det ser ut vi har lukkast med å tilby studium som deltidssegmentet ønskjer. Vi har også lukkast med å organisere undervisninga, samlingar og nettbasert, slik at fleire og fleire ser at dei kan studere på deltid ved HVO, seier leiar ved Kontoret for etter- og vidareutdanning Oddbjørn Nes.
Uroa over rekrutteringa av lærarar i distrikta
Høgskulen i Volda har, som utdanningsinstitusjonane på Vestlandet, i Nord-Noreg og i visse delar av Austlandet, ledige studieplassar på grunnskulelærarutdanninga 1-7 (GLU 1-7) .
- På landsbasis har universiteta og høgskulane 541 studieplassar til GLU 1- 7. Berre 270 har takka ja til studieplass, seier rektor Amdam.
Dekan Rachel Christina Granaas ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning kan glede seg over god søknad til GLU 5-10.
På GLU 5-10, det andre studieløpet, har Høgskulen i Volda per dato 57 studentar, 17 over måltalet på 40.