Rapport frå ein studiereise til Storbritannia

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Som ein lekk i dette arbeidet var Sissel Midlid, Internasjonal koordinator ved AKF og leiar av Internasjonalt kontor, Cecilie Wilhelmsen, på studiereise til Swansea Metropolitan University, University of Glamorgan og Bath Spa University 24.-31.01.2011.

7407ed2230dbac3eb85e116f9804e19121891b8a

Swansea Metropolitan University -  Prifysgol Fetropolitan Aberthave

Swansea Metropolitan University (SMU) er ein ny samarbeidspartnar frå 2010 og HVO sittførste besøk her. Samarbeidet kom i stand etter tilfeldig møte med Stephen White på utdanningsmesse på Lillestrøm i januar 2010. Fagporteføljen ved dette universitetet erinteressant samanlikna med kva Volda tilbyr.

Avdeling for kulturfag (AKF), bachelor i Media Ikt og Design, har fire Erasmus studentar ved SMU dette studieåret og vi var spente på å møte dei og få detaljinformasjon både om studia og om det å vere studentog bo i Swansea.

Vi starta med omvisning på campus Dynavor, der studieprogramma innanfor kunstfeltet er lokaliserte. Våre studentar går på Major studies innanfor fotografi og grafisk design. Eiimponerande mengde fagstudio med topp utstyr. Spesielt i fotofeltet med mørkerom for svart/kvitt og farge i analogt fotografi. I tillegg fleire studio for print i store format, montering og innramming. Studentane er svært nøgde med studiesituasjonen også i høve deira studieprogram i Volda. Dei får spesialisert seg og komplettert fagkretsen.Emne dei har er m.a. visual theory, exhibition-design, photo-artist book www.blurb.com, design-audiens, design-technology and branding.Å være student på dette velrenommerte kunstuniversitetet er inspirerande og dei opplever fagpersonaletsom svært imøtekomande og lett tilgjengelege for rettleiing.

Å leve i Swansea er også fint og dei bor i ulike typar boligar og strøk i byen. Fordi dei i utgangspunktet skulle vere berre eit semester, fekk dei ikkje tilbod om å bo i studentboligane. No bor dei i private leiligheiter /delvis i kollektiv og er godt fornøgd med det, både prismessig og sosialt.

Når det gjeld utfordringar, var det spesielt to forhold dei trekte fram. Det som skapte mest usikkerheit var boligsituasjonen.Å reise til Swansea utan bustad var litt skremmande. Det andre som skapte problem var pengar og få til bankforbindelse som fungerte. Det viste seg at dei måtte ha eit stadfestingsbrev frå universitetet for å få oppretta konto i walisisk bank. For studentar som skal til Swansea seinare, bør ein ordne dette før ein reiser bort, om mogleg.

Etter ein interessant og kjekk dag saman med studentane på universitetet, avslutta vi med middag på ”The Woodman” ein tradisjonsrestaurant med utsikt over Swansea Bay. Hyggelege og positive Voldastudentar. Dei er gode ambassadørar for HVO i følgje dei professorane vi snakka med.

 
667ba82b94be92a35f0bc98ba65baf425f291c4b

Dagen etter hadde vi avtale på internasjonalt kontor på campus Mount Pleasant. Våre kontaktpersonar der er spesielt Arun Clarke og Ben West. Cecilie har hatt mykje kontakt med desse to på telefon og mail i samband med oppretting av samarbeidsavtalen mellom Volda og SMU. Svært hyggelig, nyttig møte og god tone. Arun hadde vidare arrangert fleire møte for oss på den tredje campusen Townhill. Denne campusen ligg fantastisk til på toppen av det relativt bratte terrenget i Swansea, med ei nydelig utsikt over byen og sjøen. Slik som HVO er også SMU samanslått av fleire utdanningar, som lærarutdanning, ingeniør- og kunst. På Townhill er den gamle lærarutdanninga lokalisert og den er den eldste utdanninga her i Swansea. Vår kontaktperson her er Caroline Lewis, som arbeider i lærarutdanninga og er ansvarleg for internasjonalisering i lærarutdanningane. Ho gjorde kort greie for kva profesjonsutdanningar dei tilbyr innafor Education og Teaching og vi fekk eit innblikk i kvar og korleis ev. lærarstudentar frå Volda kan innpassast i desse studia. Dette er arbeid som må vidareførast med tanke på tilpassing og kompatibilitet.Heilt på tampen fekk vi også helse på Head of Swansea School of Education, John Parkinson og Ken Jones, Dean of Faculty of Education. Begge svært hyggelige og imøtekomande, og sjølvsagt positive til utveksling med Volda.

Stephen White, som var vår første kontaktperson ved SMU hadde meldt sjukdomsforfalltil vårt møte denne dagen, men kom inn til eit kort møte på ettermiddagen. Hyggelig å møte han igjen og vi også helse på og ta ein kopp kaffi saman med Head of Art, Design and Media,Max Jones.

Intensive Program (IP) - Acting for animation, Wales 3.-17. april 2011

Acting for Animation IP skal arrangerast i år for tredje gong. Dei to første åra har dette prosjektet vore lokalisert tilVolda saman med studentar og lærarar frå Glamorgan, Cardiff og Tallinn, Estland. Prosjektleiinga har i år bestemt seg for å gjennomføre i Wales. I dette arbeidet er Gerald Emanuel frå animasjonsutdanninga i Cardiff sentral. Gerald kom til Swansea for å møte Cecilie og for å ta den endelege avgjerda for kva hotellIP-en skal halde til første veka.Valet fall på Grand Hotel Swansea 3-10 april 2011. Forelesningsrom og auditorium under denne første veka av IP-en får vi låne av Swansea Metropolitan University!

Etter endt oppdrag i Swansea, kjørte Gerald oss til Llantwit Major der vi skulle bu under vårt besøk på Glamorgan påfølgjande dagar.

University of Glamorgan - Prifysgol Morgannwg

Glamorgan har vi hatt samarbeids- og utvekslingsavtale med i mange år. Vi kjenner etterkvart mange fagpersonar gjennom Arts IP og Acting for animation IP. Vi har fire studentar i Glamorgan dette semestert. Ei frå journalistutdanninga, to på animasjon og ei på kunst og handverk.

040d768779e2ba1c8dbba73ad03267f068ff4429

Campus Pontypridd, Treforest

Denne dagen hadde vi avtale med Carol Hiles, ein av lærarane på Arts IP. Møte om ARTS IP og ev fortsetjinga på arbeidet med tanke på gjennomføring i juni. Ein del moment er fortsatt uavklart, men Glamorgan, Carol og studentar er positive og klare. I samtalen kom det også opp at Carol underviser på Masterprogram i kunst og helse. Forsøker å få Carol til Volda i samband med Internasjonal dag og ev. halde forelesing til fagpersonalet på AKF der ein er i ferd med å skrive eit forskingsprogram om Kultur og helse. Denne saka kjem vi attende til.

Vi hadde også møte med Lene Karlsvik, kunst og handverkstudent som tek eit heilt år i Wales. Lene er svært fornøgd med studiesituasjonen og lærarane har berre lovord om Lene som student. Vidare møtte Sissel mange av studentane frå Arts Ip 2009 og 2010, dei er så fornøgd med å ha fått sjansen til å delta og Carol seier at studentar som har deltatt på Arts IP, arbeider betre og annleis enn dei andre. Dei har fått erfaringar som gir dei sjølvtillit og tru på eige uttrykk. Gode skussmål for vår Arts IP.

Vidare lunsjmøte på Stilts, kantine og restaurant på campus Pontypridd, Treforest. Eit uformelt møte medHead of International Partnership Maggy McNorton, fagpersonar frå fleire nye områder som Fiona Reid, Head of History Division og Dr GArth Roderique-Davies, Psycholgyi i tillegg til Kate frå International office, Carol og Gerald. Eit godt eksempel på utviding av kontaktnettet inn i ein institusjon.

84c51c15ef39d2a424b9ccbd67caf333df04eb69

Campus Atrium, Cardiff

Etter lunsjen forflytta vi oss til Campus Atrium i Cardiff der animasjon held til. Dette var Sissel sitt første møte med denne relativt nye/ombygde bygninga og arkitekturen er utruleg flott og innovativ. Vi fikk omvising på campus, kaffemøte med Phil Sheen frå International office og head of animation department Peter Hodges og Matthew Morgan. I tillegg møtte vi fleire frå animasjon som har vore involvert i Acting for Animation, deriblant Matthew Morgon som var med i Volda april 2010. Planleggingsarbeidet for IP-en 2011 er godt i gang og det blir heilt sikkert ei super oppleving for dei heldige studentane som får delta.

Gerald og Cecile var på kort synfaring til eit hotell i nærleiken der studentane skal bo i andre veka av årets IP i april. Sissel fekk høve til å ta ein tur i biblioteket, imponerande utval av bøker, tidsskrift, film og lyd.

Vi fikk også så vidt møte dei to animasjonsstudentane frå HVO som er der i vårsemesteret. Dei let vel, trass i dei hadde så vidt starta opp studiet.

524088338b4260dd334846b89221e6eacfdff6cd

Bath Spa University - avdeling Bath School of Art and Design

Dette var vårt første møte med dette universitetet og vi har ingen avtale der enno. Kontakten kom i stand gjennom Dan Allen, ein av lærarane på Arts IP frå Glamorgan som nettopp har hatt overgang frå Glamorgan og hit. Han er no Head of Creative Arts, ei av fleire avdelingar i Bath Spa.

Bath Spa tilbyr BA-program i Fine Arts, Graphic Communication, Publishing, Editorial Design and Web, Fashion Design, Textile Design and Fashion& Interiors, IMO, Idea, Material Object og Creative Arts I tillegg til fleire Masterprogram i dei same faga.

Gjennom arbeidet med ARTS IP, har vi hatt eit særleg godt samarbeid med Dan og sjølv om han no er tilknytt ein anna institusjon, er vi så heldige å få bli med på lasset. At vi kjenner "head of school" Pradeep Sharma frå tidlegare gjer at vegen heilt til toppen var open. Vi fikk ein times møte med Pradeep  og Dan og signala er positive medtanke på utvekslingsavtale mellom Bath Spa og Volda.

Frå samtalar i Tyrkia sist sommar mellom Dan og Sissel kom tanken om å utvikle endå ein IP, kanskje spesielt retta mot Creative Arts; land and Environmental Art. Dette arbeidet vil vi ta opp til hausten, men tanke på søknadsfrist for IP er 1. mars 2012. Mest sannsynleg blir det Volda som må søke, då sjansane for å kome gjennom er større frå eit lite land som Noreg.

Vi avslutta med lunsj i ein tradisjonell gamal restaurant i Bath.  Bath er for øvrig ein spesiell gregoriansk by i Somerset, i hjartet av England.

Kontaktreisa vår har vore intens, interessant, krevjande, nyttig og framtidsretta. På heimveg måtte vi ha ei overnatting i London pga flytider, då vart det tid til nokre timar på Tate Modern for Sissel og Cecilie gikk på gamle stiar i Covent Garden.

Del på