Raga Rockers til Rokken fredag 26. mars
Tekst: Eivind Nilsen
Bandet blei grunnlagt av vokalist Michael Krohn i 1982, og har stått på sidan den gong, med låtar som ”Når knoklene blir til gele” og ”Noen å hate”. Michael Krohn skil seg ut med den mørke stemma si, og med karakteristiske melodiar og tekstar. Raga Rockers er skildra som eit av dei fire store banda innan norsk rock, i selskap med deLillos, DumDum Boys og Jokke & Valentinerne.
Saman med bandkompisane Livio Aiello, Eivind Staxrud, Hugo Alvarstein, Arne Sæther og Jan Arne Kristiansen leverer Michael Krohn no eit litt meir laidback, men samtidig fullverdig rockealbum. Bandet kan tilby både nye hits og gamle klassikarar på den kommande konserten, som absolutt er verdt å få med seg.
Dørene opnar klokka 21.00
Pris: 250/300
Link til pressebilde:
http://www.ragarockers.no/Presse.aspx
Ta gjerne kontakt for meir informasjon!
Kontaktperson: Grete Aronsen Husebø
Telefon: 46697805 – [email protected]