Programslepp for Dokfilm
Til den norske delen av programmet kan festivalen røpe at Et Vakkert Liv, Fabelaktige Fiff og Fam og Strengt Hemmelig er plukka ut til å visast på vårens festival. Dette er filmar som har hausta mykje god kritikk i det norske filmmiljøet.
Videocrazy, End Of The Line, The Moon Inside You, Sergio, Mum og Spitting Ink er dei internasjonale filmane festivalen foreløpig vil gå ut med at er bekrefta.
I Videocracy blir det retta sterk kritikk mot Berlusconi og måten han styrar massemedia på. Dokumentaren vakte stor oppsikt, og vart sensurert i Italia då den kom ut. Den vart plukka ut til filmfestivalen i Toronto og Venezia.
Sergio er ein annan dokumentar som har fått gode omtalar. Her møtar vi FN-ambassadøren Sergio Vieira di Mello som reiste til Irak i trua på at han kunne løyse all verdas problem. Denne filmen har vore vist på ei rekkje festivalar, og vann pris for beste klipp under Sundance Film Festival i Utah.
Film for ein kvar smak
Dei programansvarlege har lagt stor vekt på å plukke ut varierte filmar, både i innhald og forteljarmåte.
– Me ønskjer å vise filmar som treff ulike delar av publikum, både filmentusiastane og studentane, seier Jonathan Borge Lie, som saman med Anne Silje Bø er ansvarleg for utveljinga av filmar til festivalen.