PR-student og stortingsrepresentant
- Eg har aldri følt meg så velkomen nokon stad, som her i Volda, seier Eivind Nævdal-Bolstad (23) frå Odda til Sunnmørsposten. Han er ny student ved Bachelorgradsstudiet i PR, kommunikasjon og media. Ved sist stortingsval var han ein av dei yngste representantane, og sit no som nestleder i opplæring- og helseutvalget.
be499f48886fa994a2dc027557b76395
Faksimile frå Sunnmørsposten. Tekst og foto: Hild Nordal (Smp)
– Det blir spenande å vere student, og samtidig kunne vere med på å leggje premissar for korleis ein skal drive høgskule, seier han til Sunnmørsposten, som har eit halvsides intervju med han i onsdagsavisa denne veka.
Han fortel at han har fått seg leiligheit like ved Høgskulen i Volda og ventar no berre på at fadderveka og studieåret skal starte.
Eivind skal starte på Bachelorgradsstudiet i PR, kommunikasjon og media.