Overnatting under Den Norske Dokumentarfilmfestivalen

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

No er årets Dokumentarfilmfestival rett rundt hjørnet, og det blir jobba hardt med å få husa alle dei tilreisande.

Overnattingsansvarleg  Margaret Bøe minner om at det kan vere ein slant å hente for dei med litt ekstra hjarterom og slunken lommebok.

Vi set eventuelle utlånarar eller utleigarar i kontakt med gjester som treng overnattingsplass.

Dei som føler kallet kan ta kontakt med ansvarleg for overnatting,
Margaret Bøe
E-post: Send e-post | Telefon: 915 55 637



Del på