Opning av Den Norske Dokumentarfilmfestivalen 2011
Festivalen er eit arrangement som med åra har blitt eit høgdepunkt for nye og gamle voldastudentar. Drivkrafta bak festivalen er frivillig innsats hovudsakleg frå studentar, men også andre som melder si interesse. Festivalen baserar seg difor utelukkande på dugnadsarbeid. Kvart år er det skifte av festivalstyret der nyfikne studentar tek over roret etter det gamle styret, noko som gjer at Den Norske Dokumentarfilmfestivalen alltid er i endring.
Leiaren av årets festival, Hanna Haug Røset, fortel at dei har gjort sitt yttarste for at programmet skal innehalde noko for einkvar smak, og noko for folk i alle aldrar. I 2011 har det vore meir fokus på norsk film enn nokon gong tidlegare. Av heile 63 filmar på programmet er 52 av dei norske, noko Dokfilmstyret vonar vil gi eit signal om kva dei ønskjer å profilere. Samstundes er det også eit lite utval av filmar frå resten av verda, meint som supplerande impulsar.
I dag er sjølve opninga av festivalen. Den går føre seg på Samfunnshuset i Volda kl. 19.00, men før det kan du også få med deg "Kortsagt" kl. 14.00 på Samfunnshuset, der dei syner kortfilmar som vert med i årets kortfilmkonkurranse. Doksnakk, bransjefest, pitchetevling, kortfilmkonkurranse, Retrodok, konsertar og filmkviss er nokre av tinga årets festival har å by på.
Festivalpasset kostar 50 kroner og gjev tilgong til alle filmframsyningar, debattar, Doksnakk, Pitcheforum og dei fleste sosial arrangement
På nettstaden til Den Norske Dokumentarfilmfestivalen finn du meir informasjon om billettar, fullstendig program og liknande.
– Kom deg inn i kinosalen. Sjå ut i verda, oppmodar Hanna Haug Røset.