Opne temadagar og førelesingar om psykisk helse mellom barn og ungdom
Magne Raundalen er ein av Noregs mest kjende fagpersonar som arbeidar med barn i krise, både kreftsjuke barn, barn som er blitt mobba og flyktningbarn.
– Barna kikar opp på oss voksne for å finne ut korleis dei skal reagere på ein situasjon, forklarar Raundalen studentane.
Raundalen arbeidar som psykolog ved Senter for Krisepsykologi i Bergen, og snakka mellom anna om emosjonsregulering. Store auditorium var fullt under førelesinga, og trass i alvorlege tema, fekk Raundalen fram smilet frå tilhøyrarane gjennom gode dømer og referansar til eigne opplevingar og observasjonar.
– Slike dagar der vi får fokusere på nokre få, viktige felt er lærerikt, kommenterte nokre studentar på bakerste benk. Magne Raundalen er jordnær og ein fantastisk formidlar, så dette var bra. Dette er ein type førelesingar som vi hugsar, og som vi kan støtte oss til i praksis seinare.
Opne førelesingar for alle
– Vi har temadagar for studentane våre på 1 AU og PPU, men inviterer til opne førelesingar også for andre interesserte. Førelesingane går over tre dagar og bør mellom anna vere aktuelle for øvingslærarar/praksisskular og andre lærarar, melder Johann Wangen ved lærarutdanninga.
Førelesingane går føre seg i Berte Kanutte-huset, Store auditorium
Program:
Tysdag 20. april
09.00-14.00 Ingrid Lund. ”Innagerende atferd hos barn og unge.”
Onsdag 21. april
08.30-12.00 Magne Raundalen. ”Barn som lever under harde vilkår.”
12.00-12.30 Lunsj
12.30-16.00 Tove Flack. ”Mobbing –skjult mobbing.”
Torsdag 22. april
08.30-11.30 Britt Oppedal. ”Minoritetselevar og psykisk helse.”
11.30-12.00 Lunsj
12.00-16.00 Odin Hjemdal. ”Beskyttende faktorer og motstandskraft.”
Temadagane er opne, gratis for alle interesserte og inga førehandspåmelding er naudsynt.
Vel møtt!