Nynorskkonferansen 2011
Målgruppa for konferansen er skuleleiarar og lærarar på ungdomstrinnet og i den vidaregåande skulen.
Hovudtemaet for konferansen er opplæring i nynorsk som sidemål. Forskarar og lærarar vil presentere kreative måtar å lære nynorsk på, i hovudsak med utgangspunkt i multimodale tekstar.
Er elevane dine opptekne med sosiale nettstader? Ved St. Hallvard vgs. i Lier bruker dei Facebook i norskfaget. Elevar ved Elvebakken vgs. i Oslo har mellom anna teke i bruk hip-hop i tilnærminga til nynorsk grammatikk. Og kva skjer når elevteksten møter ein levande forfattar? I Seljord og ved Sund ungdomsskule får elevane skrive bøker på utfordrande måtar.
Konferansen er gratis.
Påmeldingsfrist er 20. mars.
Kjelde: www.nynorsksenteret.no