Nynorsk salmekveld
Aktørar på salmekvelden samla til førebuing rundt flygelet på høgskulen. Frå venstre Henny Koppen, Ketil Grøtting, Per Halse, Jan Inge Sørbø, Elizabeth Oltedal og Birger Løvlie.
Rundt 1900 var mange nordmenn framleis svært skeptiske til å bruke landsmål eller nynorsk i religiøse samanhengar. Målet vart nemleg kopla til radikale miljø med venstrepolitikk, frilynne og til dels anti-kyrkjelege haldningar. I tillegg var vanens makt sterk: Språket i Bibel, katekisme og salmebok hadde «alltid» vore dansk.
Bondestudentar
Nokre teologar med bondebakgrunn gjekk i brodden og tok til med salmedikting på nynorsk. Pioneren framfor andre var nordlendingen, hebraiskprofessoren og kyrkjestatsråden Elias Blix. Salmane hans vart autoriserte allereie i 1892, men det skulle ta lang tid før dei vart ålment aksepterte rundt om i kyrkjelydane.
Fleire av dei som tidleg markerte seg med salmar på nynorsk, var sunnmøringar. Johannes Barstad, Bernt Støylen og Anders Hovden var ganske jamgamle bondesøner som alle vart prestar med stor skriftleg produksjon.
I tillegg til føregangsmannen Blix og dei tre møringane, vert lekpreikaren Matias Orheim frå Nordfjord teken med i programmet. Han skreiv også åndelege songar tidleg på 1900-talet som etter kvart fann vegen til salmebøkene.
Dei fem diktarane vert presenterte av fire forskarar frå høgskulen: Professorane Anders Aschim og Jan Inge Sørbø, dosent Birger Løvlie og rektor Per Halse. Men salmane skal fyrst og fremst syngjast, og mykje av programmet vert allsong. Det musikalske er planlagt og vert leia av lektorane Elizabeth Oltedal, Henny Koppen, Ketil Grøtting og Svein Hunnes.
Folketonar
Salmekvelden finn stad i Voldskyrkja på måndag, og nesten alle tekstene vil verte sungne til folkemelodiar. Musikklærarane vil traktere både flygel, orgel, blokkfløyte og kontrabass. Noko av materialet vert framført som solo og anna som vekselsong, og forsamlinga vert invitert til å ta del med sine eigne røyster.
For Høgskulen i Volda er dette ei av fleire markeringar av Språkåret 2013. Kvelden vert arrangert i samarbeid med Volda og Ørsta kyrkjeakademi, og alle er hjerteleg velkomne både til å lytte og til å ta del i songen! Tid og stad for både denne og andre tilskipingar under Forskingsdagane er kunngjort på høgskulen sine heimesider og annonsert i lokalavisene.
PH