Nye studentrepresentantar er klare
Det er klart etter at valet vart avslutta fredag 5. mai. 399 studentar stemte ved valet, som er ein nedgang frå fjorårets tal på 528. Men det er godt over tala for både 2015 og 2014.
Nikolai Hannevik Nordlid tok attval og held fram i høgskulestyret, medan Marie Havnsund er ny studentrepresentant. Hannevik Nordlid tar barnevernspedagogutdanning, og Havnsund studerer master i undervisning og læring, norsk.
Kandidatane uttalte seg på førehand om kvifor studentane skulle stemme på dei.
Hannevik Nordlid svarte da følgande:
– Eg har eit ønske om å gjere studietilvære bra for alle studentar. Etter eitt år i styret, har eg blitt trygg i posisjonen og har lyst til å gjere enda meir for høgskulens studentar. Eg bryr meg verkeleg om studentar og at vi saman må jobbe for at vår tilvære her i Volda skal bli betre, meir lærerik og spennande.
Havnsund svarte slik:
– Å sitte i høgskulestyret krev mykje. Eg er kjend med leiinga og har ingen problem med å seie akkurat det eg meiner. Det møtespråket som blir nytta i styret er prega av å vere tungt og fagleg. Eg kan det språket. Studentrepresentantar blir ofte passiv møtepynt for at det skal sjå bra ut i referata. Eg er ingen møtepynt. Gjennom arbeidet eg har gjort i læringsmiljøutvalet, studenttinget og i arbeidsutvalet i STiV har eg blitt kvalifisert til å fylle den krevjande rollen som studentrepresentant. Eg har ein brei kompetanse om det skulepolitiske og undervisningssituasjonar. Studentmassen som skal bli representert består av enkeltindivid med ein eigen kvardag der alle har ulike behov. Eg skal være studentane sin sterke stemme. Stem på meg!
Første møte i høgskulestyret for dei nye representantane vert torsdag 7. september.