Nye reglar for røyking på campus
─ Det har tidlegare vore tillate å røyke ved inngangsparti. Dette er no ikkje lengre lov, og det ønskjer vi å opplyse om i forbindelse med studiestart. Det er framleis lov å røyke i friluft. Difor står det askebeger ved inngangspartia, slik at ein skal kunne hive frå seg røyken. Eg oppmodar tilsette og studentar om å følgje det nye reglementet, seier høgskuledirektør Jacob Kjøde jr.
Bakgrunnen er endring i tobakksskadelova § 25.