Ny vidareutdanning i lokal klimaplanlegging

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

FNs klimapanel peikar på at klimaendringar som følgje av menneskeskapt global oppvarming står fram som vår tids største utfordring. Krav om sterk reduksjon i klimagassutsleppa for å redusere global oppvarming krev innsats både på globalt, nasjonalt og lokalt nivå. Inntil 20 prosent av dei nasjonale utsleppa av klimagassar kan knytast til kommunale verkemiddel og tiltak.

– Arbeidet med lokal klimaplanlegging representerer ei ny og viktig utfordring for kommunane. I mange norske kommunar finst god plankompetanse og kunnskap om klima og miljø, men det er likevel ofte slik at denne kunnskapen både er lite heilskapleg orientert og står fram som fragmentert, seier førstelektor Sveinung Dimmen ved Avdeling for samfunnsfag og historie.


Saman med førsteamanuensis Nathalie Homlong har Sveinung Dimmen det faglege ansvaret for det nye studietilbodet.

b7e2547ffdd1840ea4289fd60483dcd7b4cacc38
Kva kan og må norske kommunar bidra med for å takle klimautfordringane?

Kommunal nøkkelrolle

Klimaproblema er komplekse og grip inn i mange samfunnsektorar. Klimaperspektiv i planlegginga vil innebere ein type tverrsektoriell og heilskapleg planlegging der kommunane vil spele ei nøkkelrolle i arbeidet med å oppfylle nasjonale klimamål. Gjennom utarbeiding av eigne  kommunale klimaplanar vil kunnskap om klima og miljø kunne samordnast og systematiserast, og i neste omgang inngå som eit viktig styringsverktøy.


Med dette som utgangspunkt har Høgskulen i Volda utvikla eit nytt vidareutdanningstilbod i lokal klimaplanlegging. Studiet skal gi grunnlag for utvikling av lokale strategiar for reduksjon av klimagassutslepp og for tiltak retta mot klimatilpassing og -førebygging. Studiet er utvikla i tett samarbeid med eit eige pilotkommuneprosjekt knytt til lokal klimaplanlegging; www.hivolda.no/klimaplan

Fleksibel organisering
Lokal klimaplanlegging er eit tverrfagleg studium, som ein kan ta som frittståande vidareutdanning eller som valfritt emne i Mastergrad i samfunnsplanlegging og leiing ved HVO. Studiet har eit omfang på 15 studiepoeng og er innhaldsmessig bygd opp rundt tre hovudtema som kvar er knytt til eigne undervisningssamlingar:

Samling 1: Klimagassutslepp som samfunnsproblem

Samling 2: Kommunale klimaplanar som verktøy

Samling 3: Handlingsretta tiltak og gode eksempel


– Aktuell målgruppe for studiet er studentar og praktikarar med høgare utdanning som ønskjer å studere korleis utfordringar knytt til klimaspørsmål kan forankrast og implementerast i lokale og regionale planprosessar. Dei konsentrerte undervisningssamlingane legg godt til rette for deltidsstudentar som ønskjer å kombinere utdanning og jobb, seier førsteamanuensis Natalie Homlong.


Undervisninga er lagt til vårsemesteret 2010 med søknadsfrist 1. desember 2009. Førsteamanuensis Nathalie Homlong og førstelektor Sveinung Dimmen har det faglege ansvaret for det nye studietilbodet.


Les meir her:

Del på