Ny utdanning: satsar på praktiske og estetiske fag
– Alt tyder på at behovet for faglærarar i praktiske og estetiske fag er aukande. Høgskulen har arbeidd over tid med å finne løysningar som kan avhjelpe behovet for lærekrefter i kulturfaga, og vi er difor glade for å kunne gi dette studietilbodet, fortel førsteamanuensis Karen Brænne.
Arbeid i skule og kulturskule
Den nye faglærarutdanninga er på bachelorgradsnivå, og gir profesjonsutdanning med tanke på arbeid i skule og kulturskule.
– Vi trur at ei faglærarutdanning med integrert fagdidaktikk og pedagogikk gjennom tre år vil gje lærarstudenten ein sterk profesjonsidentitet. Samstundes ser vi at den praktiske og handlingsborne fagkunna er etterlengta i ein stadig meir teoriorientert skulekvardag, fortel Brænne.
Unikt i regionen
Høgskulen i Volda har satsa på dei praktiske og estetiske faga gjennom mange år.
– Studietilbodet er unikt i denne regionen, og på landsbasis er det også få institusjonar som byd denne utdanninga i dag, seier førsteamanuensisen. Tilbodet vil utfylle høgskulen sitt lærarutdanningstilbod og er i tråd med felles strategitenking i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.