Ny student? Kontakt oss!
I heile sommar vil Lisa og Emma svare på spørsmål om søknad, studietilboda, fritid, bustad og andre ting ved det å vere student i Volda.
Det såkalla «Søk-korpset» er ein del av studentrettleiingstenesta ved Høgskulen i Volda. Emma Medina Welle og Lisa Kalvø er begge studentar ved grunnskulelærarutdanninga i Volda og kjenner studiebygda godt. – Ikkje nøl med å ta kontakt, seier Emma.
Studentsørvis og sentralbord
I tillegg til «søk-korpset», er også sentralbordet og studentsørvis viktige element i høgskulen sin sørvis i høve nys studentar og søkjarar. Begge ligg i første etasje i Berte Kanutte-huset midt på campus.
Sindre Welle på Studentsørvis.
Nyttig informasjon på nett
Fram mot studiestart finn du også mykje nyttig informasjon på www.hivolda.no/studiestart. Vi har samla alt du treng å vite på ein stad med hjelpesider, kart, informasjon om campus, kontaktpersonar, rettleiing og rådgjeving, praktisk informasjon relatert til kvart studium, ofte stilte spørsmål, nyttige lenkjer med meir.
Astrid Roti Langvatn og Ann Kristin Eikrem er dei blide damene i resepsjonen.
Kontakt
Søk-korpset: T: 70 05 48 00 (Frå måndag til fredag 09.00-15.30). E-post: [email protected]
Sentralbord: T: 70 07 50 00
Studentsørvis: T: 70 07 50 18