Noregs sprekaste studietilbod?

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Etter ei veke i Volda ved studiestart, set studentar og lærarar kursen mot Brisbane og Griffith University: Queensland College of Art. Den første veka står studietur til Bourke (Gateway to the Outback) med privat innkvartering, på programmet. Og dei påfølgjande vekene etter retur til Brisbane får studentane forelesingar i australsk kunst og kultur, religion, historie, politikk, utdanningssystem og velferd i høve til Australia som eit multikulturelt samfunn.

Etter seks intense veker går turen til Japan, og mange synes kanskje dette er høgdepunktet i studiet. Det å få oppleve mellom anna Tokyo, Kyoto og Hiroshima på nært hald set varige spor. Siste stopp er Cairns i Nord Australia.

08dbaaa47e095296fdf0b376059a806a8de72919
Griffith University: Queensland College of Art er eit av universiteta studentane skal besøke. (Foto: apple.com.)


Interessert?

Les meir i Austral-asiatiske kulturstudium i studieplan og emneplan.

Du må ha tatt minst 60 studiepoeng ved HVO før du reiser ut. Studiet går kvart haustsemester. Frist for å søkje er 1. mars 2009.

Lyst til å søkje?
Send motivasjonssøknad til studiekoordinator ved Institutt for språk og litteratur. Søknaden skal vere på engelsk, og ha eit omfang på maks. ei side der du fortel litt om kvifor akkurat du bør få delta på dette studiet, kva som motiverer deg og korleis du ser at dette halvåret passar inn i ditt utdanningsløp. (Hugs å skrive kontaktadresse, e-post og telefonnummer på søknaden).

Alle som søkjer og som tilfredstiller minimumskrava blir kalla inn på intervju i mars. Intervjuet blir sjølvsagt på engelsk.

Lurer du på noko? Ta kontakt med ein av desse:
Fagansvarleg Howard Medland tlf. 70 07 50 38 e-post [email protected]
Studiekoordinator Sylvi Gulla Hovdenakk, tlf. 70 07 50 15, e-post [email protected]
Internasjonalt kontor v/Cecilie Wilhelmsen tlf. 70 07 51 20 e-post [email protected]


Hugs søknadsfristen 1. mars!

Del på