NHO-film vann beste industrianimasjon i Volda
Regisørane Ola Nielsen og Kristian Haukland vann sin førstepris for beste industrianimasjon. Her under ei kunstutstilling i høve animasjonsfestivalen etter prisutdelinga. Foto: Gaute Hareide, Høgskulen i Volda.
– Ei godt skrive, komplett historie, polert og handverksmessig laga med ein unik animasjonsstil, skreiv juryen om vinnaren. Det er effektiv kommunikasjon til publikum som tilfredstiller intensjonane i oppdraget.
Building bridges – the movie from Hyper on Vimeo.
Høgskulen i Volda, VRI Møre og Romsdal og Vestnorsk Filmsenter sette fokus på bruken av industrianimasjon i samband med årets animasjonsfestivalen AnimationVolda. Kåringa av beste industrianimasjon i Norden-Baltikum vart gjennomført av ein jury der både næringslivet på Sunnmøre og filmskaparar var med.
Premien på 30 000 kroner er gitt av Kleven, Ulstein Group ASA, og Rolls-Royce Marine, og vart i år delt mellom ein hovudvinnar og fire såkalla «runners up» – eller andreplassar.
Andreplassane
- Kalde Fakta om varmere klima, dir Magne Hage, prod: Apt
«Wonderful transitions to tell a complex story in a simple way. A lot of information backed up with a simple style to communicate it.» - Polarcus Amani Ulstein SX 134, dir Torbjørn Håskjold, anim Ricardo Bjerke, prod Frost Media/FireGrader
«The presentation elevates the design of the vessel. A good mix of written and clear animation to describe its functionality.» - Total Control. Dir Eskil Johnsen, prod Fire og en halv/Passion Pictures
«With the intention to raise debate, we feel it satisfied this. It adopted an original and modern style which engages the audience.» - Trollus Netticus, dir Magne Hage, prod Apt.
«This film dealt with an important theme in a humorous way, highlighting the benefits of the animated art form.»
Kriterium:
- Framifrå historieforteljing
- Beste bruk av animasjon
- Kommuniserer med publikum
- Oppfyller kunden sine intensjonar
Jury:
- Kirsti Gjørvad (Salgssjef, Scana Volda)
- Jan Ole Bolsø (Filmskapar og leiar ved Lærings- og mestringssenteret i Helse Møre og Romsdal)
- Andres Daffy (Animatør og regisør ved The House of Curves, London)
Les førehandsomtale og meir om seminarprogrammet i Vikebladet/Vestposten
Les meir om festivalen på Høgskulen i Volda sine nettsider
Faksimile frå Sunnmørsposten 21. august 2012: