Nesten dobbelt så mange kandidatar
Kandidatar til Studenttinget for studieåret 2016/17.
Studenttinget i Volda (STiV) er det øvste studentdemokratiske organet ved Høgskulen i Volda. Fristen for å stille til val som representant gikk ut fredag 2. september, og interessa har vore stor. 25 kandidatar har meldt si interesse til dei 22 plassane i Studenttinget – nesten ei dobling frå 2015, da 13 stilte til val.
Angra og kom med
Leiar for STiV sitt arbeidsutval, Karoline Strand, fortel at arkivet deira strekk seg tilbake til 2009. Frå da og fram til i fjor har ein aldri lukkast med å fylle opp plassane i Studenttinget ved første val.
– Ein har måtte hatt både eitt og to suppleringsval. I fjor kom til dømes ni representantar inn etter suppleringsval. Ein har ofte ikkje klart å få inn alle vararepresentantane på første forsøk, seier Strand.
– Kvifor er det snudd heilt om i år?
– Mange som oppsøkte oss i fjor takka nei, men dei har angra og vil vere med i år. Det gjeld spesielt dei som er andreklassingar no. Eg trur folk treng litt tid til å sjå og forstå kva vi gjer. I tillegg innser ein del at det ikkje er så mykje arbeid med å sitte i Studenttinget. Det er eitt møte i månaden og det har dei fleste tid til. Vi har rekruttert aktivt gjennom sosiale medium og stand. Men mest av alt går det gjennom jungeltelegrafen, folk som har vore med før er flinke til å reklamere.
Fått med alle avdelingar
Tidlegare år har ein hatt problem med å få studentar til å stille som representantar for Avdeling for mediefag og Avdeling for kulturfag. Den floken har ein også klart å løyse i år.
– Det er vi godt nøgd med. Studentane ved desse avdelingane har ofte mykje praksis og frivillig arbeid retta mot studiet, men no har nokon av dei også fatta interesse for å vere med i Studenttinget, seier Strand.
Og engasjementet har ho naturleg nok stor forståing for.
– Studenttinget er det forumet der ein kan vere med på å påverke studiekvardagen sin. Leiinga og dei tilsette ved høgskulen verdset våre innspel og ber også om innspel. I Studenttinget finn ein kva vi i arbeidsutvalet skal arbeide med, i tillegg til strategiar, fokusområder, kursverksemd og budsjett.
Studenttinget i Volda består av to hovudrepresentantar og to vararepresentantar frå kvar av dei fire avdelingane: Avdeling for Humanistiske fag og lærarutdanning, Avdeling for kulturfag, Avdeling for mediefag og Avdeling for samfunnsfag og historie. I tillegg er det tre hovudrepresentantar og tre vararepresentantar som er frie, det vil seie at dei kan kome frå kva avdeling som helst. Tre hovudrepresentantar og fem vararepresentantar tek attval.
Valet går føre seg frå måndag 12. september kl. 12.00 til søndag 18. september kl. 23.59. Alle studentar ved HVO kan stemme, men berre på kandidatar frå si eiga avdeling. Ein gir stemma si i Fronter.