NÅDE I 2017
Kjartan Leer-Salvesen (t.v.) og Ralph Meier.
Tysdag 10. januar held førsteamanuensane Ralph Meier og Kjartan Leer-Salvesen ei opa førelesing om «NÅDE – hos Martin Luther og i populærkulturen».
Anten me er merksame på det eller ei vert religiøse motiv svært mykje brukte i populærkultur som reklame, film og musikk. Opningsførelesinga handlar om desse spørsmåla: Korleis kan det teologiske omgrepet «nåde» forståast? Kva førestillingar om nåde finst i populærkulturen? Kva kan det innebere å finne nåde i moderne musikk og film?
Instituttleiar Bente Afset meiner temaet vil ha interesse for studentar og tilsette i fleire fagmiljø, og ho ynskjer alle velkomne.
Kjartan Leer-Salvesen og Ralph Meier er ansvarlege for emnet «Film, populærkultur og livstolking». Det er eit samlingsbasert studium som Høgskulen i Volda gjev i samarbeid med Universitetet i Oslo. Begge underviser også om tema knytte til film og religion på det ordinære HVO-emnet REL 116 "Populærkultur og livstolking i eit fleirkulturelt samfunn".
Tid: Tysdag 10. januar 1315 – 1500.
I samband med den nye NRK-serien «Presten» har Vårt Land intervjua Kjartan Leer-Salvesen om prestar på film: http://www.vl.no/kultur/savner-troverdige-prester-i-nordisk-film-1.908551