MED BLIKK PÅ ROMLEG KUNST I KULTURMETROPOLEN BERLIN
Studentane får presentert verket The End oftheTwentieth Century av Joseph Beuys ved Hamburger Bahnhof, Museum für Gegenwart.
I løpet av opphaldet på 5 dagar, samla studentane på faglærarutdanning i Formgiving, kunst og handverk inntrykk og opplevingar både frå dei store, statlege kunstinstitusjonane, og frå mindre, kunstnardrivne galleri. Hovudfokus for turen var objekt- og installasjonskunst, både i museum og galleri, så vel som i gatebiletet. Turen var oppkøyringa til resten av semesteret, der studentane sjølve skal erfare å arbeide med romlege uttrykk, fyrst gjennom eit forprosjekt og deretter til eksamen. Installasjonane vil bli presenterte i eit elles forlatt hus på campus i mai!
Kveldsbesøk på KunstverreinTiergarten/Gallerie Nord i utstillinga «Die Zimmer der Nomaden».
Streetart i bydelen Friedrichshain.